Hjem » Stavanger » Kultur & underholdning » Den fantastiske fantasien

Den fantastiske fantasien

Rogaland Teater hadde premiere på ein moderne versjon av Alice i Eventyrland i midten av oktober. Regissør Franzisca Aarflot har aldri før hatt ei så utelukkande gledesfylt produksjonstid som i arbeidet med Alice.
fotoEmileAshley10

 – Eg ville jobba med eit stykke som hadde ein fantastisk dimensjon ved seg. Noko som ikkje berre speglar kvardagen, men som er eit eventyrleg univers. 

I tillegg er jo den gode historia med eit djupt lodda tema viktig. Dei fleste har eit forhold til den originale Alice i Eventyrland, trur regissør Franzisca Aarflot.
Ho likar å jobba med teaterstykke som er fantastiske og litt surrealistiske, og bruker gjerne musikk og rytme som ei drivkraft:
– Eg likar at musikk kan bety noko, og at det er ein musikalsk struktur i ei førestelling. Det kan kommunisera effektivt og overraska. Òg på eit ubevisst plan.Alice byr på mykje musikalitet og rytme i spelet. Musikk er oversett til rørsler, og heile førestellinga er gjennomkoreografert av koreograf Camilla Tellefsen. Det blir mykje dans, og spesielt hiphop, til nyskriven musikk av musikar Knut Aabø. 
– Me prøver å underbygga humoren i manus med musikaliteten, og det fantastiske universet med eit tydeleg fysisk uttrykk, fortel Franzisca.
 
franziska22

Unike unge

 Ho syns det har vore ei glede å jobba med medlemmane frå Barne- og ungdomsteatret:

– Eg har aldri før hatt ei produksjonstid som har vore så utelukkande gledesfylt. Det er så mange flotte barn og unge med på scena, og som vert støtta opp av ein dyktig profesjonell stab på teatret. Det er heilt spesielt her med Barne- og ungdomsteatret.
Franzisca har jobba mykje med ungdom før, men ikkje så mykje med born, og aldri med så mange som i Alice.
– Det er jo ei utfordring. Det tok vel om lag to veker før me fann ut korleis me skulle jobba. Det er jo så stor spreiing i alder! Men det er utrulig inspirerande å sjå korleis dei gler seg over arbeidet på tvers av alder, og kor flinke dei er til å støtta kvarandre. 
Franzisca har jobba ein del med to og to av skodespelarane, med dei to som spelar ei rolle på kvart sitt lag. Her har dei prøvd å sjå karakteren i den store samanhengen og finna fysisk repertoar. 
– Det er veldig kjekt å jobba med unge skodespelarar. Dei stiller heilt andre spørsmål enn vaksne, profesjonelle scenekunstnarar. Unge har eit anna utgangspunkt, og er veldig opne til korleis dei jobbar. Dei går gjerne eit skritt lengre, som gjer at me finn løysingar på augneblink og sekvensar me kanskje ikkje finn elles, seier Franzisca.
 
fotoEmileAshley13

Hyllest til fantasiens kraft

 Karakterane i Alice byr på mykje galskap:

– Dei er veldig «larger than life». Alice seier at alle er gale i Wonderland. Og det er dei jo. Men det vakre med galskapen er at me kan kjenna oss igjen i det. Det er ein sårbarheit i galskapen som er menneskeleg, og det er vakkert.
Franzisca kan fortelja at dei me møter i Wonderland er dubleringar, altså dei vert spela av same skodespelar som i den «verkelege» verda. Me møter nye versjonar av dei karakterane som er i gravferda i starten av stykket. Det kan me sjå spor av i kostyma og faktene hos karakterane. Alice er ei hyllest til fantasiens kraft. Drømmeverda har ei helande kraft. Det er ein måte for sinnet å rydda opp i, og arbeida med, inntrykk, som i dette tilfellet er sorg. Fantasien kan hjelpa sinnet til å finna ein balanse. 
Scenografien som utgjer Wonderland kallar Franzisca ein «sinnets skatepark».
– Før Alice sin bror døydde, skulle han kjøpa ei bursdagsgåve til Alice. I staden brukte han pengane på nytt skateboard. Difor skatepark. Scenografien kan òg gi assosiasjonar til ein hovudskalle. Altså blir turen til Wonderland ei reise inn i sinnet, fortel Franzisca.
Kostyma har vore ei stor utfordring. Med til saman 48 skodespelarar, fordelt på to lag, der fleire gjerne spelar to roller, består garderoben difor av om lag 70 kostymer. 
– Kostymedesignar Tormod Lindgren, som i tillegg er scenograf og videodesignar, og kostymeavdelinga, har gjort ein fantastisk jobb! Kostyma har eit originalt konsept. Dei er inspirert av mellom anna ungdomsmote, men dratt ut til det ekstreme. Eitt kostyme kan vera sett saman av 17-18 forskjellige impulsar, fortel Franzisca.
 
fotoEmileAshley14

Noregspremiere

 Alice er eit nyskrive stykke av Laura Wade, og det har no noregspremiere på Rogaland Teater. Mykje er gjenkjenneleg frå originalen, som karakterane Alice møter i Wonderland. Men Rogaland Teaters tolking har gått eit skritt lengre enn urpremieren ved Sheffield Crucible theatre i England:

– Historia er lagt til nåtidas Stavanger. Sjølv om me beheld gjenkjennelege element frå både originalen til Lewis Caroll og frå Wades uroppføring, er dette heilt klart ein ny versjon. Og det er mykje både tekstleg og fysisk humor, seier Franzisca.
Det er mange lag i historia om Alice, og dei vil treffa ulikt i det store aldersspekteret hos publikum. Men sjølve kjernehistoria skal nå alle: Forteljinga om Alice som får hjelp av fantasien i ei vanskeleg tid.
 
Tekst: Monica Lindanger | Foto: Emile Ashley & Rogaland Teater