Hjem » Bergen » Kultur & underholdning »  Eit vaskeekte teater

Eit vaskeekte teater

Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater og vart etablert i 1988. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Det Vestnorske Teateret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Thomas Bye (til høyre) er teatersjef frå august 2023. Det Vestnorske Teateret (DVT) held til i Bergen sentrum (i ærverdige Logen), Ole Bulls plass 6, som ligg like ved den blå steinen. Etter den store utbygginga har dei fått eit moderne tilbygg med Scene 2, samt funksjonelle verkstader. Framsyningane blir spelt for publikum i Bergen og til-reisande gjester.

Thomas Bye er den nye teatersjefen ved Det Vestnorske Teateret og tok til i stillinga for fullt den 1. august. Han er opphaveleg frå Krokstadelva i Drammen kommune, er utdanna skodespelar og har flytta til Bergen saman med sambuar og 2 barn.  Korleis kjennes det å vere i gong?
-Eg har gleda meg gjennom heile sommaren og det kjennes godt å vere i byen og på teateret. Det er samstundes litt overveldane med mange ting å sette seg inn i, det er jo to store oppgåver, å ivareta kunsten og alt det andre rundt. Men eg har vore teatersjef tidlegare, ved Teater Ibsen i seks år (frå 2015-2021) så slik sett så veit eg kva jobben inneberer. 
Kvifor ville du sette opp «Amadeus» som di opningsframsyning?
-Det var nok fordi eg gjerne ville starte med noko som eg vil kalle vaskeekte teater, eller teater med stor T.  Då tenker eg på ei framsyning som byr på alle teatrets ulike verkemiddel som flotte kostyme, eit rikt manus som rommar mange allmenngyldige tema, musikk, scenografi, lyd og lys. Det er både teatermagi og realistiske situasjonar der du kan leve deg inn i handlinga som skodespelarane utspelar på scenen. Dessutan trur eg framsyninga vil kle den klassiske og ærverdige Hovudscenen vår veldig godt, vi tek den klassiske musikken tilbake til dette rommet iblanda eit moderne lydbilete. Dette var jo eit staseleg konsertlokale for klassiske konsertar opprinneleg, til dømes spelte Edvard Grieg fleire konsertar her. 
Kva tenker du om å bu i Bergen?
-Eg seier ikkje dette for å gjere meg meir populær, men eg meiner Bergen er den mest unike byen i landet! Og eg trur det er først og fremst folka som bur her som gjer den så unik. 
Kvifor meiner du folk skal bruke tid og pengar på teater?
-Faktum er at vi lev liva våre meir og meir foran ein skjerm. Teateret tilbyr ei kunstform der du sit saman med andre i ein sal og ser på levande menneske der kvar kveld er unik og kva som helst kan skje. Og kulturopplevinga du får gir deg forhåpentleg næring til både hovudet og hjarte og kan utfordre meiningane dine, avsluttar Thomas.

Foto: Stig Håvard Dirdal

Det Vestnorske Teateret (Logen)

 

Tekst og foto: Det Vestnorske Teateret AS