Hjem » Bergen » Kultur & underholdning »  Klart for nytt kapittel av «Heim»

Klart for nytt kapittel av «Heim»

Det Vestnorske Teateret si musikalske vestlandskrønike «Heim» hadde premiere i 2018 og vart tidenes suksess for teateret med kun utselde hus. 

Claus Sellevoll og Sigurd Sele frå «Heim» del 1. Foto: Andreas Roksvåg.

 

Dei starta opp med tiåret 1965-1975 med ulike små og store hendingar som forma Hordalandsregionen. «Heim» 2 og 3 kom med påfølgande tiår. I det fjerde og siste kapittel blir tida skrudd tilbake til 1995. Denne krønika er teatersjef Solrun Toft Iversen sitt «flaggskip» og som i første kapittel, har ho i fjerde kapittel regien sjølv.

Gledelege gjensyn og treffande ettertanke

– Dette er tiåret der Kurt´en vinn Idol, vi lærer oss å flørte på mobiltelefon og Kronprinsen får sin Mette-Marit. Det er også tiåret då Sleipner går på grunn, Prinsesse Diana døyr i bilulukke, og etter 9/11 må vi venne oss til lange sikkerheitskontrollar på flyplassen. Vi skal til dagane der Boyband og Reality-TV dominerte, «alle» ville ha frisyren til Rachel og frykta for ny teknologi tok overhand. Vil datamaskinene takle millenniumskiftet? Og kva med u-båten på Fedje, skal den hevast eller senkast? 
Som du skjønar vert det både gledelege gjensyn og treffande ettertanke, der det heile blir bunde saman med musikken som var lydsporet til desse dagane med «Voksne herrars orkester», fortel teatersjefen til IN magasinet.

Sigrid Moldestad har spelt i alle dei fire «Heim» framsyningane. Her frå «Heim» 2. Foto: Andreas Roksvåg.

Sterkt forfattarlag

Eit sterkt forfattarlag med vestnorske stemmer har vore særpreget til «Heim» i desse åra. I år er det Irene Kinunda Afriyie, Pedro Carmona-Alvarez, Marie Amdam, Marit Eikemo, Frode Grytten, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Erlend Nødtvedt, Finn Tokvam og Selma Lønning Aarø som har levert tekstar. 
Skodespelarane i «Heim» 4 er Sigrid Moldestad og Claus Sellevoll (som begge har vore med alle fire gangane), Sigurd Sele (som også var med i «Heim» 1) og Reidun Melvær Berge, Katrine Dale og Paal Herman Ims som alle tre er nye i «Heim» samanheng. 
– Speleperioden går frå 26. januar til 26. mars, eg håpar folk vil samlast i teatersalen vår igjen, avsluttar teatersjefen.

 

Fakta: Det Vestnorske Teateret

 

Følg IN magasinet på Facebook