Hjem » Bergen »  Eventyrleg opera i Grieghallen

Eventyrleg opera i Grieghallen

– Eg gler meg til å presentera ein opera som har følgd meg i operakarrieren, heilt frå eg dirigerte den fyrste framføringa i Noreg, i det då splitter nye operahuset i Bjørvika.

Eivind Gullberg Jensens fyrste opera som operasjef for Bergen Nasjonale Opera vert ein av hans yndlingsoperaer, den tsjekkiske nasjonalskatten Rusalka.

Eivind Gullberg Jensens fyrste opera som operasjef for Bergen Nasjonale Opera vert ein av hans yndlingsoperaer, den tsjekkiske nasjonalskatten Rusalka. Til å tolke eventyroperaen om vassnymfa Rusalka som forvandlar seg til eit menneske har Gullberg Jensen like godt bestilt den kjende regigruppa bak opningsseremonien for sommar-OL i Barcelona, nemleg La Fura dels Baus. Den flunkande nye versjonen av Rusalka, med scenografi og kostymar spesiallaga for Bergen Nasjonale Opera, får premiere i Grieghallen laurdag 23. oktober. 

Brenden Gunnell (prinsen) og Malin Byström (Rusalka) på prøvene i Grieghallen.

Norske og utanlandske solistar

Gullberg Jensen har handplukka både norske og utanlandske solistar til Rusalka: I Grieghallen skal den svenske sopranen Malin Byström, kjend frå sterke tittelroller som Salome, Jenůfa og Tosca, få rolledebutere som Rusalka. Prinsen hennar er den amerikanske tenoren Brenden Gunnell, som også har sunge denne rolla ved Glyndebourne-festivalen i England. Og den handlekraftige heksa Ježibaba er frå Bergen: Mezzosopranen Hege Høisæter har lang erfaring både frå klassiske roller ved Den Norske Opera & Ballett, og som ein markant utøvar av samtidsmusikk.

Operasjefen sjølv dirigerer

Rusalka av Antonín Dvořák er ein av nasjonalskattane i Tsjekkia, og tilhøyrar operaens kjernerepertoar, men her i landet er denne romantiske og melodiøse operaen enno ei sjeldan framført perle: Faktisk var det Gullberg Jensen sjølv som dirigerte Rusalka då Den Norske Opera & Ballett framførte operaen for første gong i Noreg i 2009, med Solveig Kringlebotn i tittelrolla. Dette vart også starten på den første fulle haustsesongen i det nye operabygget i Bjørvika, og framsyninga vart også direktesendt på NRK2. Seinare har Gullberg Jensen dirigert Rusalka både ved operaen i Zürich, Teatro dell’Opera di Roma og Wiener Staatsoper.

Brenden Gunnell (prinsen), Àlex Ollé (regissør) og Malin Byström (Rusalka) på prøvene i Grieghallen.

Utanforskap som tema

Med klassikaren Rusalka kan publikum fryde seg over magiske vesen, ei skummel heks, ein forelska prins og meir til, men den katalanske regissøren Àlex Ollé vil også gå djupare enn å berre formidle eit eventyr: For han er den fatale kjærleikshistoria om Rusalka og prinsen også ei forteljing om utanforskap og det å vere annleis, som går rett inn i vår eiga samtid. Rusalka prøver å tilpasse seg menneskeverda for å bli sett og elska av prinsen, men må ofre språket, og blir dermed misforstått og brutalt avvist.

OL-regissøren Àlex Ollé

Regissøren Àlex Ollé frå Barcelona er kjend som ein framifrå historieforteljar, og med vekt på estetiske produksjonar. Han har også regissert ei lang rekkje andre operaer, m.a. i samarbeid med Sydney Opera House, Salzburg-festivalen og Royal Opera House i London. Ein del av det norske publikummet vart også kjend med Àlex Ollé og scenografen Alfons Flores då Ligetis einaste opera, Le grand macabre, vart vist i all si burleske prakt på Den Norske Opera & Ballett i 2013. Ollé og gruppa hans La Fura dels Baus regisserte også opninga av Barcelona OL i 1992.

Til venstre: Malin Byström syng tittelrolla som Rusalka, vassnymfa som vil bli menneske. | Til høgre: Hege Høisæter er heksa og Lluc Castells har designa kostyma til Rusalka.

Mystiske, skumle og glitrande kostyme

Kostymedesignaren Lluc Castells frå Barcelona har laga design for kjende operahus som La Monnaie i Brussel, Sydney Opera House og Teatro Real i Madrid. No er han i Bergen for å forvandle operasongarene til mystiske skogsvesen og glitrande bryllupsgjester. Heksa Jezibaba (Hege Høisæter) blir rocka og skummel, medan den framande fyrstinna (Allison Cook) både skal ha jaktantrekk og gallakjole.

Verdskjend song til månen

Er operaen Rusalka ukjend for deg, er det likevel godt muleg at du nikkar gjenkjennande til «Rusalkas song til månen» derifrå, som har gitt mang ein lyttar gåsehud. Denne overjordiske arien kjem allereie i 1. akt, når vassnymfa Rusalka sit og lengtar etter kjærleiken – før heksa Ježibaba kjem og forvandlar henne om til menneske. 

Rusalka

Opera i tre akter av Antonín Dvořák, blir spelt i Grieghallen 23., 25., 27. og 29 oktober. Operaen vert presentert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Kor

Foto: Monika Kolstad